NOREG

UNESCO Global Geopark Sunnhordland

Geoparken formidlar vår geologiske arv til deg som gjest og til oss som bur her. Velkomen!

Om geoparken

Øyriket, fjordane, fjella og breane i Sunnhordland byr på ei openberr geologi som viser både korleis kontinent blir danna og korleis ressursar frå vår øyboge-geologi har vore eit fundament for å byggje samfunna våre. Variasjonen i landskap og det boreonemorale klimaet gjev òg grunnlag for eit svært rikt biologisk mangfald i geoparken.

Historie

Sunnhordland har vore eit føretrekt område for geologi- og arkeologiekskursjonar sidan 1860-åra, og er arena for ei rekkje gruvehistorier gjennom 10 000 år. Geopark Sunnhordland fekk status som UNESCO Global Geopark i mai 2023, og er eit regionalt kjennemerke som skal gje komande generasjonar innsikt i korleis kontinent og landskap er forma, og korleis berggrunnen har påverka kulturen vår. Forpliktingane som følgjer med UNESCO-statusen styrkjer òg geoparken som eit verktøy for berekraftig turisme.

Main attractions

Moster Amfi

Hovudbesøkssenteret i Sunnhordland UNESCO Global Geopark, med synleg marmor og karst, kalkomnar, fleire utstillingar, restaurant og eit utandørs amfiteater i den nedlagde marmorminen. Moster Amfi er òg porten til den gamle Moster kyrkje, bygd av lokal marmor, kalk og kleberstein tidleg på 1100-talet.

Sunnhordland Museum

Vårt regionale museum tek vare på og formidlar vår kulturhistorie, som tradisjonell arkitektur, reiskapar og klede. Ei rekkje tema blir formidla gjennom faste eller mellombelse utstillingar og presentert av dyktige omvisarar.

Folgefonnsenteret

Eit moderne utstillingssenter som formidlar og rettleier om sirkulasjonen av vatn mellom breen og fjorden, det rike biologiske mangfaldet og kulturen vår som har utvikla seg i desse spektakulære landskapa. Senteret er òg porten til Folgefonna nasjonalpark og har ein koseleg kafé.

Jettegrytene i Rullestad

20 til 30 store og spektakulære jettegryter, 270–320 moh, innskorne i den bratte, isslipte prekambriske granittoverflata av vatn frå den smeltande fennoskandiske breen i løpet av ein sommar for 11 300 år sidan. Rekn med 3 timar for turen (middels/avansert nivå).

Hespri-holmen

Kjelda til grønnsteinsøksene gjennom 6000 år med steinalder på Vestlandet. Ei av dei eldste intakte gruvene i verda. Holmen er verna ved lov, men ilandstiging er tillaten. Ver merksam på at vêr og bølgjer kan vere harde, og det finst ikkje kai for fortøying av båtar.

Røyrvikeskaget

Eit spektakulært landskap med granittårer og gangar som trengjer gjennom skifer, marmor og kvartsitt, frå eit eksploderande magmakammer 474 millionar år sidan, djupt under ein vulkansk øyboge som kolliderte med ein gammal kontinental skorpe (Laurentia). Ein lett tur på om lag 2 timar i eit ope landskap vendt mot havet.

Praktisk informasjon

Moster Amfi er ope for publikum alle dagar utanom måndag i sommarsesongen frå 25.06–18.08. Besøk utanom sesong kan avtalast.
Telefon: 900 20 636
E-post: [email protected]

Les meir (ekstern lenkje)


Folgefonnsenteret er ope for publikum alle dagar kl. 10.00–18.00 frå 23.03–06.10. Resten av året er det ope måndag–fredag.
Telefon: +47 53 48 42 80
E-post: [email protected]

Les meir (ekstern lenkje)


Sunnhordland Museum er ope for publikum alle dagar utanom måndag frå 15. juni–15. august. Resten av året er det ope kl. 11–15 tysdag til fredag. NB! Museet har fleire anlegg (også eit kloster) i Sunnhordland-regionen som kan ha ulike opningstider.
Telefon: +47 53 41 38 99
E-post: [email protected]

Les meir (ekstern lenkje)


Sjå geopark-kartet for plassering av attraksjonane (ekstern lenkje).