
Undervisningsopplegg
Denne delen inneheld eit utval av undervisningsopplegg for naturfag og geoparkar, utforma for bruk både i klasserommet og ute i felt. Kvart opplegg inkluderer praktiske aktivitetar, utforskande oppgåver og koplingar til verkelege geologiske fenomen. I tillegg finn du eit sett med praktiske retningsliner for planlegging og gjennomføring av trygge og engasjerande feltutflukter.
(Gjentaking av praktiske tips for feltutflukter finn du nederst på denne sida.)
Innhald:
Å leve i ditt landskap, Irland
Ein modulplan for overgangsåret med 12 undervisningstimar fordelt over 6 veker. Han gjev elevane høve til å utforske byen eller bygda si, lære om dei innebygde risikoane frå geofarar og klimatiske ekstremtilhøve, og utarbeide ein handlingsplan for lokalsamfunnet for å gjere det meir robust for framtida. Ei flott innføring som førebur til det nye faget Klimaaksjon og berekraftig utvikling i den vidaregåande skulen i Irland.
7. klasse, Noreg
Eit forslag til tre undervisningstimar for 7. klasse om den legendariske Hespriholmen langt vest i geoparken, steinbrotet for steinalderøkser gjennom nesten 6000 år. Timane er knytte til læringsmåla for 7. klasse, men inneber ikkje besøk på den avsidesliggjande øya.
10. klasse, Noreg
Eit forslag til tre undervisningstimar for 10. klasse om svovelkisgruvene på Litlabø, Stord, som var i drift frå 1860-åra til 1967, og etterlet seg 90 km med tunnelar og ein sterk identitet. Timane er knytte til læringsmåla for 10. klasse i naturfag og samfunnsfag, og inneber eit besøk i gruvene.
Colline Metallifere, Italia
Døme på undervisningsopplegg for Colline Metallifere i Italia.
Utforsking av jordskred, Romania
Denne todelte undervisningsplanen kombinerer klasseroms- og feltaktivitetar for å lære elevane om årsaker, typar, risiko og førebygging av jordskred. Arbeidet i klasserommet nyttar ei kort presentasjon, biletanalyse, praktiske modellar (sand, plastelina), rollespel og kreative plakatprosjekt for å utvikle observasjonsevne, samarbeid og risikovurderingsferdigheiter. Uteleksjonen rettar lag gjennom feltobservasjon, prøvetaking, skisser, foto og øvingar med fokus på tryggleik for å lese verkelege teikn på jordskred og vurdere konsekvensar. Opplegget kan tilpassast ulike klassetrinn, basert på instruksjonane som følgjer.
Praktiske tips for feltutflukter

1. Væskebalanse: Oppmod elevane til å drikke vatn før utflukta og til å ha med si eiga drikkeflaske. Ta med ei ekstra flaske i tilfelle nokon treng meir vatn undervegs.
2. Ernæring: Pass på at elevane at dei har med nistepakke dersom utflukta er lang.
3. Riktig utstyr: Bruk klede tilpassa vêret, og kle deg i lag slik at du enkelt kan regulere temperaturen. Sjekk vermeldinga på førehand..
Ha på deg komfortable sko som passar til terrenget.
4. Vær budd på det uventa: Ha med eit enkelt førstehjelpssett til nødsituasjonar.
5. Tilkomst og ansvar: Vis respekt for både dyreliv og lokalbefolkninga. Unngå innmark, evt lag avtale med grunneigar/gardbrukar, også mtp parkering. Ver merksam på tider av året då dyr eller fuglar er særleg aktive.
6. Toalettforhold: Sjekk om staden de skal besøkje har toalettfasilitetar. Dersom ikkje, må både du og gruppa førebu dykk på førehand.
7. Avfall: Ta med alt avfall, emballasje og flasker tilbake, gjerne også søppel de finn på staden.
