Digitale undervisningsverktøy for klasserom og uteundervisning

Denne delen viser eit utval av eksisterande digitale læringsressursar som er tilgjengelege på nettet, i tillegg til nye ressursar utvikla gjennom GeoSite-prosjektet.

Dei nye ressursane omfattar mellom anna ei geologisk tidsline som framhevar dei viktigaste stega i utviklinga av planeten vår, samt meir spesifikke ressursar for kvar av dei fire deltakarregionane i prosjektet.

Ressursar

Verktøy for geologisk tidsline

Utforsk historia og utviklinga til planeten vår – og prøv å forstå kva me meiner når vi snakkar om 4,6 milliardar år tilbake i tid.

Virtuelle omvisingar

Opplev avsidesliggjande geostadar i geoparkane gjennom ei 360º digital omvising.

Dialogkortspel

Eit nyttig verktøy for å starte samtalar og refleksjonar med elevane – både i klasserommet og ute i naturen.

Andre anbefalte nettressursar

Det finst eit breitt utval av digitale læringsressursar utvikla av universitet, styresmakter og andre geoparkar. Nokre av desse blir ikkje lenger oppdaterte, men utvalet nedanfor viser ressursar av høg kvalitet og interaktivitet, som gir andre typar aktivitetar enn dei som er utvikla i dette prosjektet.

Ancient Earth Globe

Spol tilbake i tid og følg platebevegelsane for å sjå kvar landet, regionen eller huset ditt låg på jorda i ulike geologiske periodar.

Rock cycle

Ei kort animert forklaring av det geologiske kretsløpet, produsert av The Geological Society

Klimaspelet

Eit interaktivt spel utvikla av Financial Times der spelarane får rolla som politiske beslutningstakarar som skal utforme tiltak for å nå netto null utslepp av karbon innan 2050. Klarer du å finne den rette balansen for å skape varig endring for planeten vår?

Geologibiblioteket ved The Open University

Utforsk eit breitt utval av aktivitetar og korte artiklar om geologi, utvikla av The Open University, som kan brukast direkte i undervisninga.

Fotspor

Lag og del digitale ruter med engasjerande innhald som knyter saman natur, geologi og læring.

Geology toolkit

Eit utval av digitale aktivitetar som gjer det mogleg å utforske geologi – inkludert identifisering av bergartar og andre praktiske oppgåver knytte til jordas oppbygging.